Eldste - Forrige - Nr 35 av 61 - Neste - Nyeste                    Utskriftsvennlig
 
Gratulerer Tormod!
(16.05.2006, skrevet av Frode)
 

Først i dag må vi gratulere Tormod Granheim som kom seg på toppen av Everest i dag tidleg med ski på ryggen. No er han på veg ned igjen forhåpentlegvis med skia på beina. Tormod er den 19. nordmannen som står på toppen av verdas høgste fjell. Du får meir informasjon om Tormod sin tur om du går inn på TV2 Nettavisens Friluftsmagasin (http://pub.tv2.no/nettavisen/friluftsliv).

 

Petter og Johnny drog frå Base Camp i 11-tida i dag. Dei er no akkurat kome fram til mellomcampen på 5800 m. I morgon går dei vidare til ABC. Der må dei vente på den optimale vermeldinga, før dei kan forsette vidare oppover i fjellet.

Ikkje så mykje meir å fortelje herifrå Everest, men vi ønskjer alle heime i Norge ein fin 17. mai. Eg sender også ei stor helsing til bestemor på Høgset som fyller 80 år i morgon på sjølvaste nasjonaldagen.

Frode