Eldste - Forrige - Nr 36 av 61 - Neste - Nyeste                    Utskriftsvennlig
 
Blanda kjensler
(18.05.2006, skrevet av Frode)
 

Årets Everes-sesong ser ut til å bli ein av dei verste når det gjeld dødsfall og ulykker. Ganske uoffisielt så har vi høyrt om 8 dødsulykker, og meldinga om at svenske Tomas Olsson er sakna kom som eit sjokk på oss. Vi har møtt både Tormod Granheim og ski-kompisen hans, Tomas, ved fleire høve. Sjølv om håpet er lite for å finne Tomas i live, så er også vi med å håper.

 

I går møtte vi fleire klatrarar som hadde pådratt seg frostskader. Nokre av dei var så alvorleg skada at dei måtte fraktast ned frå ABC på ryggen av yak-oksar. Ein stor forskjell i år samanlikna med i fjor, er at det er mykje mindre vind i fjellet. Dette har gjort det mogleg å gå på toppen heilt frå starten av mai. I fjor var det få sjansar å kome seg til toppen før heilt i slutten av mai. Men med temperaturar ned mot minus 30 på toppen må ein vere svært forsiktig slik at ein unngår frostskader.

Alle desse ulykkene har gjort sterkt inntrykk på oss. Det var med blanda kjensler Petter og Johnny gjekk frå Advanced Base Camp i dag. For å kome på toppen av Everest, må ein bokstavleg talt gå forbi lik. At det skulle vere så mange ferske lik, hadde ingen av oss trudd. Dette er den brutale sannheita. Det positive er at det heilt klart er med på å gjere oss enda meir forsiktige. Terskelen for å snu er nok ein god del lågare no enn ved ekspedisjonsstart. Toppen verkar på ein måte mindre viktig også.

Uansett, Johnny og Petter er på veg opp i Nordskaret og Camp 1 no. Vêrmeldinga er framleis like lovande og melder det same veret med lite vind fram til tysdag. Johnny føler seg i bra form, men Petter var ikkje heilt pigg i dag. Han hadde sove dårleg i natt. Vi håper at dette snur, og i Nordskaret ventar også fulle oksygenflasker.

Frode

Sjå www.everestnews.com for oppdatert informasjon om andre ekspedisjonar på Mount Everest.