Eldste - Forrige - Nr 1 av 61 - Neste - Nyeste                    Utskriftsvennlig
 
Klar for avreise
(25.03.2006, skrevet av Frode)
 

No er det mindre enn 8 timar til vi sit på flyet med Kathmandu som første mål. Flyturen startar frå Gardermoen kl. 07.50 og vi skal ha mellomlandingar i London og Muscat (Oman) før vi landar på nepalsk jord tidleg søndag morgon.

 

Fredagen har gått med til å få tak i det siste av utstyr og proviant. Vi har også fått installert, kobla opp og testa satelitt-kommunikasjonsutstyret vårt.

Etter planen skal vi skal vere framme i Kathmandu kl 08:10 lokal tid eller 03:25 norsk tid. Nepal er eit av få land som ikkje følgjer standard tidssoner, og derfor blir tidsforskjellen litt rar. Men uansett, etter ei reise på nærare 20 timar er vi nok gaqnske trøtte.

Vi drar vidare frå Kathmandu til Lukla mandag morgon. På akklimatiseringsturen i Khumbudalen fram til 8. april, skal vi ha følgje med 5 andre frå Norge. Vi skal presentere alle litt meir utførleg i den første verkelege ekspedisjonsrapporten frå Kathmandu på søndag.