Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Tjønnholstinden
2331 m
p.f. 340 m


Første topp over 2000 m i Noreg
(Skrevet av bakken59 21.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2010.

Har alltid vore ivrig fjellvandrar, men halde meg i Telemark - slikt gjer hyttelivet med ein. Men har nett oppdaga wwv-sida, og har byrja å utvide horisonten litt. Moro! Sa difor ikkje nei då eg i fjor vart invitert med til Tjønnholstinden av to svært spreke toppvenninner. Første fredag i spetember 2010 køyrde vi til Gjendeseheim, og overnatta før vi starta turen tidleg laurdag. Været var perfekt, sol og stille, men det hadde kome snø veka før, slik at det låg snø ned til ca. 1700 m. Vi kryssa Leirungsmyrin (blaute) og vassa over Leirungsåne (mykje kaldt vatn, av med bukser og sko). Deretter opp Steinflye, der vi etter kvart kom inn i snøen. Vi rota oss litt inn i moreneura ned for Steinflybreen (den sørlegaste) - og det var litt kavute med snø som gjorde det vanskeleg å setje føtene. Skulle nok halde meir til venstre og kryssa breen i nedrekant. Slik det var, kryssa vi breen på skrå frå midten nedst. Vi møtte folk som hadde snudd der, grunnen var vanskane med å setje føtene rett i ura pga all snøen. Men heldigvis såg vi folk hadde kome opp på ryggen frå Leirungsdalen, og dermed fekk vi fotefar å gå i. Det gjorde heile forskjellen. Vi gjekk opp det bratte henget på sørsida, og kom greitt opp etter at stien runda inn frå vest. Blikkstille og "heile" Noreg i klart lys rundt oss. Kvite toppar overalt. Vi rasta på toppen, og etter kvart fekk vi selskap av tre gutar (diverre med 25 års alderforskjell i vår disfavør..). Nedoverturen var grei - vi følgde ryggen rett fram etter at vi hadde kome ned bratthenget, og fekk ein fin trasé ned til Leirungsdalen. Så følgde vi stien ut dalen før vi dessverre måtte krysse våte myrer og stor og kald elv att for å kome tilabke til bilen. Vi var så blaute av all snøvassinga at vi denne gongen kryssa med klær og sko på. Vi såg reinsdyr , hare og ryper på turen. Eg vel å tr at denne 2000-m-toppdebuten var heller tøff. Ganske langt å gå, 1200 høgdemeter, og ikkje minst mykje tung vassing i relativt mykje snø. Men været kunne umogleg ha vore betre, ei heller selskapet. Turen inspirerte verkeleg! Det var altså eg som var "med" på denne turen - med Kari og Guri.

Tilbake til Tjønnholstinden
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset