Dette er ingen lett tur, iallfall ikkje med med mitt utgangspunkt: - Kart utan markert sti/rute til toppen - 800 høgdemeter og 2 kommunetoppar i beina frå tidlegare på dagen - Eit fjell som på kartet ser omlag like bratt ut på alle sider
Etter å ikkje fått nokon nyttige tips etter spørjerunde på den lokale butikken, velde eg å køyre så nær som mogleg. Dvs. Yttervika/Innerberg på vestsida av øya. Eg følgde eit lite bekkefar eit stykke oppover. Mellom 250 og 550 m var det temmeleg bratt, men mange buskar og einer og ta tak i.
Eg sette meg opp ein siste frist på å nå toppen kl. 20.30. Eg sleit meg opp til toppvarden nøyaktig på fristen. Det var iskald beregning, for det byrja å mørken akkurat då eg kom nedanfor det bratte beltet, og var nesten mørkt då eg var nede ved bilen.
Stabben, eller Stabbeisen som eg veljer å kalle den, er ein flott topp, men vegen opp dit verka ganske tung og kronglete. Lurer på om det kanskje er betre å gå opp frå ein annan kant. Det var ein flott og stor varde på toppen, og i turboka var det ingen som hadde signert sidan 30. juli. Skuffande for det lokale turlaget, men ei fjør i hatten for meg, at ingen andre har vore til topps i Tustna på nesten ein månad.