Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Eigersund
Rogaland
Peanøttsmør med banansmak på sykkel
(Skrevet av Anders 21.07.2009)

Tur foretatt: Juli 2009.

Då fleire hadde rapportert godt om manko på isolert natur i området vart dette tatt som ein sykkeltur, faktisk den fyrste sykkelkommunetoppen min.
Tok bussrute E90 frå Stavanger og hoppa av ved Bjerkreim 75 min seinare. Pass på å hoppe av på rett busstopp ved innkøyring til Lauperak. Deretter var det å kose inn over dalen med skilting mot Lauperak til stigninga starta. Mykje oppover, men heldigvis lite 'oppogned' - bakkar. 6 km til Tjørn og ca 6 km til avkøyring der stien knekker ned mot fjorden. Så 2 km til bommen med militær veg og 6 km med meir stigning mot toppen. Hadde nøyaktig 20km på gps ved ankomst radar og varde på toppen. Tid: 1time 45min i rolig tempo.
Litt kjipt at batteri på speilrefleksen gjekk tomt her, men tok nokre mobilbilete. Ekte Ryfylke-natur på tur og topp (sauar, steingjerde og "polert") og Ryfylke-vær (sol, regn og vind)
Fann ut at bussen attende gjekk om 53min og kasta meg på velocipeden. Spytta ikkje i glaset nedover og brukte ca 47 min. Måtte via Eigersund togstasjon attende, men skal vere mogleg å finne E90 direkte og. Sjekk www.Kolombus.no. Anbefalast som sykkeltopp (kan leigast på turistkontoret), ta med noko vind- og vatntett :)

ps! Og banansmaken? Klasisk bommert med moden banan ved brødskjeve i sekk...


Tilbake til Eigersund
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset