Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Ringebu
Oppland
Puppen Muen under huen
(Skrevet av Anders 14.02.2005)

Tur foretatt: Februar 2005. Andre på toppen: mob

Helga11.-13. februar '05 overnatta Morten, Ingvar og meg på Venabu, eit gamalt og klassisk høgfjellshotell på Venabufjellet (evt Ringebufjellet). Her var det sauna, bordtennis, biljard, Pjotr (spela til dans), god mat, arkade - maskin og Idol-sending på tv-rommet.
Dog var det Muen, kommunetoppen i Ringebu som var målet for laurdagen. Det var småkaldt, men lettskya og til dels sol så her var det berre å lange i veg. Ein kar sin kjæraste hadde sagt at toppen likna ein pupp og dermed var motivasjonen mogleg større enn vanleg denne dagen. Me køyrte godt opp på fjelllet og fann ei lomme å parkere nord for Muen sjølv om det ikkje er vinterparkering her oppe. Rimeleg bratt tur opp, men me skulle opp på ski for gutane hadde bakkeski med seg og då er det jo stas å stå i bratte heng. 1 time gjekk det vell å komma seg opp. Eg stutra meg ned att på elda fjellski utan karving og plastikk frå toppen.
Nydeleg dropsposeutsikt frå Muen: såg til Rondane, Sølkletten, mm. og riktig nøyt det. Attende til Venabu valgte eg med langrennski å gå den vetle(?) mila då det var sol og stille og berre stas. Snø var det lite av der oppe, men nok til å baksa av gårde. Kommunetopp nr. 40 i boks og kunne feirast med nokre rolege juleøl(!) og ein XO på Venabu.


Tilbake til Ringebu
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset