Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Løysmundhatten, sør
1090 m
Verdal
Nord-Trøndelag
Skitelttur frå Gaulstad
(Skrevet av ulf 01.04.2008)

Tur foretatt: Mars 2008.

På telttur med pulk saman med sonen min Gaute (13)+ Claes,Lars og Sebastian (17).Plan om isfiske/overnatting ved Gluptjønna. Hadde håp om både Løysmundhatten og Skjækerhatten.
Tung stigning med pulk første 1,5 km,så lett kupert terreng inn til Setertjønnhytta(NTT) der vi tok lunsj etter 9 km.Så over Skjækervatnet og slakt først så bratt opp til Gluptjønna,ekstra tung pulk etter vedsanking/skråterreng+motvind gjorde denne delen svintung(15 km).Ved Gluptjønna 645 moh telta vi,masse snø og for tjukk is etter kuldepåska gjorde isfiske umulig.Derimot hadde vi plenty biff ,jegergryte med sopp/baconstuing +raudvin til dei voksne gjekk ned på høgkant.Etterpå kaffi og Jäger rundt bålet.God stemning!
Neste dag skodde,slik at vi gjekk litt for rett på Tilhengaren før GPS studier førte oss rundt til skaret sør for Løysmundhatten.Skodda letta,i strålande sol+noko vind.Satte igjen skia her,greit å gå oppmed stavar.Praktfull utsikt,såg Storskarven i Stjørdal,Brannheiklumpen,Fosenalpane og ikkje minst Skjækerhatten i nord,den fann vi ut vi fikk vente med til ein annan gong.Ned igjen til skiene hadde vi det moro med å stå på sko på skaren og hadde eit fint nedrenn lengre nede mot dalen til Gluptjønna/bagasjen(10 km t/r).Etter litt knall og fall i medvinden ned i skogbeltet og fine slake bakkar til Skjækervatnet der vi hadde bål og lunsj,Sebastian satte 2 snører i ferdige ishol,men ingen napp på maggoten.I issørpe/mild medvind over isen ,tilbake same veg til bilen,tilsaman 40 km.
Fint fjellområde spesielt som skiterreng,ein svært vellykka tur,gassa oss med burger og pommes frites i Steinkjer og rakk 2. omg i serieåpninga:Brann banka FFK 4-2 .Helstad hat-trick.


Tilbake til Verdal
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset