Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Svarttjernshøgda
717 m
Jevnaker
Oppland
Rally Nordmarka
(Skrevet av Anders 05.11.2004)

Tur foretatt: September 2004.

Innsatskast (1-6): 2

Vardekast (1-6): -

I samband med reunion Afrikagjengen 2004 blei det kommunetoppar både laurdagen og sundagen derpå. Laurdag fekk Morten og meg med oss Petter på Rally Monte Nordmarka. For til alles store overrasking kunne me køyra bil i nordre del av Nordmarka! Nesten via Hønefoss, opp til Jevnaker og inn Svenådalen for me med Mortens BMW. Fyrste stopp var ved Tverrsjøstalen kor amerikanske nordmenn grilla grillmat til den store gullmedaljen. Me lo og tøysa av liksomturistane (og hadde dei BMW? Nei nei nei). Deretter var det ein liten time trasking nordvest øve. Godt skilta stort sett.
På toppen fann Petter eit tårn, då me undra på om dette var ein sånn topp utan markering. Her sto nokre jevnakringar som hadde sluppet ut frå Hadeland Glassverk for heljo og peika på punktar i aust og vest. Her var alt frå Tryvannstårnet til Jotunheimen i kjempeklart vær, nesten som i sjøden ved Kragerø... Fint med slike tårn i skauen! Skilt var det og som markerte høgste punkt i Nordmarka, alt var altså berre velstand tross manko på varde.
På veg ned skulle me ta ein slik snarveg som me gjorde i barndommen. Pokker ta desse snarvegane! Me rota oss sjølvsagt inn i skau og myr og drit og underteikna i joggesko fekk kjenna verdien av det å ha fjedlsko (nok ein gong). Men omsider kom me ned stort sett der me gjekk opp frå og så no med våte augo mot varme grillar der liksomturistane hadde kost seg med slik mat ein hamnar på tjukkholmen av... Den som hadde hatt ein feit kotelett.
No vart det rally etappe 2 langs Gjerdingen (vatn) og på ein avstikkarveg nordøve nesten til Grøntjernet. Dette etter lett lønsj, litt mannfolkpreik og assistanse til ein syklist med sladd på hjulet. Me fortsatte nokre meter på stien mot Bislingen Fjedlstova før det bar på ryggen opp mot Venehaugane. Her lå nemlig kommunetoppen i Lunner plassert, 1 meter høgare enn sjølve Fjellstova. Vel oppe på haugane, noko som tok ca. ½ time, rota me rundt litt og bestemte oss for at her måtte kommunetoppen vera. Ingen vardar i dag altså, men eit tårn og ei tua er ikkje dårleg butikk dagen etter romsteringskalas i Reitan – gruppas representasjonsvilla i Oslo!
På Venehaugane tok me nokre kunstneriske bilete av maur, stokkar og tjuke før me stompa over ei lita klynge kantarellar. 4 i talet faktisk. Peter øyna sjangse til å imponera si fru med eksotisk fangst som kunne forsvara galskapen og tok hand om soppen slik man handterar eit spebarn. Dermed var det å komma seg ned og fera vidare austøve i marka. Og vist kom me ikkje ut på andre sio ved Myllselva, nord for Vestbygda!
Me freista og lukka i Nittedal, men diverre stoppa ein bom oss her. Dermed blei det med 2 kommunetoppar i dag. Diverre gløymde Petter att sin sopp ved ankomst Oslo, men me viste og gjera nytta av’an. Nett no dekorerar frosenpissa med Lunner – kantarell bakgrunnen på mobilen min ;-)


Tilbake til Jevnaker
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset