Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Kjerkeberget
629 m
Oslo
Oslo
Rolig langkøyring
(Skrevet av Anders 26.11.2006)

Tur foretatt: November 2006.

Sundag er dagen for lange løpeturar, spesielt i november er dette relevant grunna lite lys. Så på vitjing i Oslo snøra eg joggeskoene, fylte vatntanken på ryggen og satt meg på toget til Stryken med ei rykande fersk Bergens Tidende og like rykande kopp kaffi.
Toget til Stryken tok 45 min og eg starta 12:30. Fulgte utskrevet kart vestsørvest på grusveger mot Sandungen Gård og kom fram 1t 16min etter. Herifrå var det litt ompakking og av gårde i skauen på sti opp mot toppen. Stien var berre elv grunna mykje regn så det blei litt hopping fram og attende opp lia. Eg stod på toppen ved den raude og kvite hytta 1t 45 min etter start, kika litt på utsikta, ringte Frode for å stadfeste at eg var på rett plass og tok nokre bilete før det bar ned igjen. Her var det glatt, men det gjekk greit.
Det var gått litt over 2 timer før eg forlot Sandungen rundt Vetle Sandungvatnet mot Sørkedalen. Eg skulle rekke buss 15:50 mot togstasjonen og byrja å gå opp i sone 2 og sone 3 (puls ca 150) for å rekke dette. Eg fann etterkvert ut eg måtte ta dei siste 10 kilometra på 40 minutt, noko eg prøvde på men som sjølvsagt ikkje gjekk med så lang tur, sekk og midt i hardkøyret til neste summar. Klokka 15:55 kom eg fram til parkeringsplassen i Sørkedalen og fekk lukkeleg skyss til T-bane stasjonen på Røa av ein hyggeleg kar som eg meinar heit Geir ..Ellingsen(?).
Været var storflott og fint, med flatt sollys og ca. 5-6 grader celsius. Turen var 35 km (13km til Sandungen, 6km tur-retur Kjerkeberget, 16km til Sørkedalen) og er nok i lengste laget som løpetur om ein ikkje er trena for det. Men du verden som eg fekk kost meg i den rolige delen av Marka ein fin sundag i november :)


Tilbake til Oslo
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset