Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Sørum
Akershus
Med sykkel nesten heilt til topps
(Skrevet av Frode 08.10.2006)

Tur foretatt: Oktober 2006. Andre på toppen: erling

Eg og Erling parkerte bilen ved ein gård på nordsida av Rv 169 på Skjatvedt. Dette er det naturlege utgangspunktet for turar til Kukollen. Elles er det flott skogsveg innover, og etter tips frå tidlegare topprapportar, hadde vi med oss syklar på turen. Etter ca. 4 km utan særleg stigning bøyer vegen av mot høgre og etterkvart startar stigninga opp på nordaustsida av Kukollen. Vi burde nok lest kartet litt betre før vi starta, for vi la ikkje merke til at vi måtte ta av frå vegen på ein litt dårlegare traktorsti. Vi fulgte vegen heilt til endes, men forstod då at vi var litt ute å kjøre. Men ein kort telefon til mob fekk oss på rett kurs igjen. Vi sykla knapt 2 km tilbake igjen og tok av inn på traktorvegen som går mot sør rett ved ein liten bekk og eit ope jorde. Det var ganske fuktig på stien, men vi kom oss greit opp. Rett før stiens toppunkt forlot vi syklane og gjekk det korte stykket gjennom skogen til toppen av kollen. Toppen var markert med ein grensestein, og det var ei lita knekt furu like ved. Returen gjekk unna på ein halvtime. Heilt klart fordel med sykkel på denne turen.

Tilbake til Sørum


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset