Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Modum
Buskerud
Endeleg - ein stor elgokse!
(Skrevet av hansn 17.07.2012)

Tur foretatt: Juni 2012.

Det mest minneverdige med denne turan var då eg nesten i tussmørke på veg tilbake til bilen fekk ein stor elgokse framfor meg på vegen på bare 15-20 meters avstand. Eg kom rundt svingen i det som til meg å vera var god fart joggande nedover vegen, oksen kom byksande opp frå grøfta. I eit lite sekund var vi på kollisjonskurs (det føltes i alle fall slik), men medan eg prøvde å få kameraet opp av lomma så tok oksen 3-4 enorme byks rett opp den bratte skråninga og forsvann i skogen. At eit så stort dyr kunne "fly" opp der var nesten ikkje til å tru. Glad og nøgd heim frå tur etter å ha sett det.

Utgangspunkt: Køyrde opp Breiliveien (godt merka avkøyrsel frå hovudvegen), bom kr 40 (kun kontant). Parkerte i krysset med Svartdalsvegen som var stengt med bom.

Vegbeskrivelse: Gjekk Svartdalsvegen til endes langs fine små vatn. Markant raudt berg langs vegen.

Ved vegens ende tok eg inn på umerka sti mot høgre. Vått i stien langs myr. Ved skilt om utrygg is (rett nok var sommaren stusseleg men..) tok eg til høgre på umerka sti. Her gjekk det også sti/skitrase meir rett fram men stien mot høgre virka å gå meir mot Lauvkollen så eg valde den. Kort etter var stien merka. Det er mogeleg at stiansvarlig i Kongsvinger har levert resten av malinga frå Rafjellet her, i alle fall var det same knall oransje merking. Svært synleg og svært stygt.

Fulgte den tydelege stien oppover. Dessverre ganske gjørmete mange stader på grunn av ATV-køyring. Etterhvert slo oransje merking fylgje med blått eit stykke. Like før blå sti går rett frem og oransjej svingar til venstre så tok eg til høgre inn i skogen på GPS-kurs mot toppen. Her var det 450 meter luftlinja til toppunktet. Der eg tok av frå stien låg det ein stor lett synleg lys stein på høgre sida av stien, 10 meter inn i skogen. Denne steinen såg ut litt slik UFOar blir teikna i teikneseriar og peikte seg tydeleg ut der den hadde landa. Om den ikkje har flydd vidare så er den eit godt utgangspunkt for å finna toppen.

Fant ikkje nokon eigentleg sti vidare men fulgte ulike tråkk innover i skogen, over ei myr og opp skråninga til toppunktet. Kveldståka seig opp og det var ikkje så mykje å sjå, men ei viss form for toppfølelse var det i alle fall. På veg tilbake fra toppen mot stien gjekk GPSen til streik og viste ikkje sporet fra oppturen. Innsåg at eg jammen har blitt rimeleg avhengig av GPSen min, men nyttig å orientera litt med kompass også. No var det vel ikkje verre her enn at eg hadde funnet riktig retning utan teknisk hjelp også, men i og med at klokka nesten var solnedgang så var det jo greit å treffa påførste forsøk i eit skogsområde kor eg ikkje er kjent og kor det ikkje er flusst med holdepunkt.


Tilbake til Modum


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset