Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Torsæterkampen
841 m
Østre Toten
Oppland
Bratt og glatt
(Skrevet av hansn 04.07.2012)

Tur foretatt: Juni 2012.

Ein kikk innom Yr.no viste at det kunne vera sjanse for litt opphald mellom regnbygene denne juni-kvelden. Torsæterkampen låg innan rekkevidde og kunne også freista med fleire høgdemeter enn dei andre gjenståande toppane i "kveldsturavstand".

Utgangspunkt: Køyrde opp til Torsætra frå sør (Hurdal). Bomveg, hugsar ikkje heilt prisen men var det 25 mon tru - kun mynt. Stor parkeringsplass ved Torsætra. Håpet om å innta litt næringspåfyll på Torsætra før turen vart ikkje innfridd då dei stengde kl 18.

Vegbeskrivelse: På kartet er det merka sti frå stikkvegen noko sør for Torsætra. Der var det tavle med oversikt over skiløyper. Etter råd frå ein eg traff på Torsætra så tok eg i staden umerka sti langs gjerdet rett ved bommen inn til Torsætra (på sørsida). Først ned bakken, inn i skogen (herfrå merka med blått heilt opp), over bekken, over myra og så opp, opp, opp. Regnet i det siste hadde gjort stien svært sølete og sleip. I starten var det litt hopping frå stein til stein for å unngå dei verste gjørmehola, men etterkvart som stigninga vart større og pulsen høgare så gjekk det meir over til "eg går rett på samma kva eg støyter på".

Noko utsyn var det oppover i lia, men ikkje mykje. Eg kom opp ved straummastene "på toppen" sett frå Torsætra. Derifrå gjekk stien sørvestover. I eit stikryss såg eg ikkje merking, men valde etter litt prøving og feiling å gå til høgre inn eit lite søkk. Gjekk søkket til endes, over ei lita myr (her låg det ei mindre hytte til høgre), og så til venstre i retning mot toppen. Litt bushfighting vart det her då eg definitivt ikkje traff nokon sti. Men det var ikkje lange stykket opp til toppen som lik mange andre er dekorert med ei mast. Utanom masta var det lite å sjå herifrå. Så stien som gjekk sørover (ikkje merka som eg kunne sjå), og vurderte å ta denne. Men det var rett seint allereie og sidan eg ikkje hadde kart på gpsen så fann eg det mest i tråd med fjellvetreglane å ta same veg tilbake.. :-)

Frå toppen fulgde eg sti mot Rausteinshytta, og fekk flott utsyn over Rausteinstjern. Idyllisk i den seine sommarkvelden. Ved myra tok eg inn igjen på stien eg kom frå.

Om det var bratt og glatt opp lia frå Torsætra så føltes det ikkje betre på veg ned. Tryna eit par ganger og vart gjørmete meir eller midre frå topp til tå, og laut rett og slett ta meg ein god vask i bekken i bottnen av lia.

Men i bilen på veg heim vart eg samd med meg sjølv om at det var ein fin tur.


Tilbake til Østre Toten
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset