Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Lushaugen
812 m
Gran
Oppland
Fin kveldstur under trugande mørke skyer
(Skrevet av hansn 06.06.2012)

Tur foretatt: Juni 2012.

Jo nærare eg kom startpunktet for turen, jo meir overbevist vart eg om at det kom til å bli ein real regnværstur. Følte nesten at eg kappkøyrde med regnbygene nordover. Og det var regnbyger av det intense slaget såg det ut til. Men dråpane heldt seg unna og det blei ein fin kveldstur.

Utgangspunkt: Kom nordover riksveg 4 og tok til høgre på veg 180 ved Lygnasæter. Etter 3-4 kilometer parkerte eg ved bomveg opp til høgre. God plass til å parkera her.

Vegbeskrivelse: Fulgte grusvegen oppover, forbi første veg inn til høgre, like etter forbi ei innhegning for sau, over bekken og inn til høgre på det som eg antar er ein skitrase. Så og sei umiddelbart inn på blåmerka sti til venstre. Fulgte denne heilt til hytta på toppen med ein liten avstikkar opp på den store myra for å sjå om det kanskje var storfugl å sjå. Liten storfugl men meir enn nok mygg..

Noko utsikt nordover undervegs og på toppen.

Litt snø her og der.


Tilbake til Gran




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset