Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Hovdefjell
524 m
Vegårshei
Aust-Agder
God mobildekning her... :-)
(Skrevet av hansn 22.05.2012)

Tur foretatt: Mai 2012.

I den grad det er stas å gå til topps på asfaltert veg så er det i alle fall fin utsikt frå toppen på Hovdefjell. Og for dei som eventuelt samlar på master også så finn du ei av Norges høgaste på toppen her. Med sine 263 meter hadde eg høyrt at dette var Norges nest høgaste mast. Syntest derfor det var underleg då eg hos Norsk Telemuseum kunne lesa at den høgaste sto i Båtsfjord og var 242 meter høg, altså 21 meter lavare enn den på Hovdefjell. Etter litt surfing fann eg at masta på Hamnefjell i Båtsfjord i alle fall var høgare med sine 270 meter. Men dette er småtteri mot Norkring si mast i Måsøy kommune i Finnmark. 360 meter har du under deg om du klatrar til topps der. Då takkar eg meg til å rusla rundt nede på asfaltert veg heller..

Utgangspunkt: Frå E18 i Tvedestrand tok eg veg 415 og deretter 92. Tok av ved skilt mot Gisletveit og parkerte ved bomvegen opp til fjellet på nordsida, litt sør for Ufsvann.

Vegbeskrivelse: Her var det ikkje fare for å gå feil. Asfaltert veg heilt til topps. Ikkje all verdens å sjå på veg opp men flott utsikt frå toppen. Det er eit stykke til neste like høge topp her så det blei eit fint skue.


Tilbake til Vegårshei


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset