Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Brånåfjell
399 m
Andebu
Vestfold
Fin tur frå Merkedammen på sti til toppen
(Skrevet av hansn 06.05.2012)

Tur foretatt: Mai 2012.

Utgangspunkt: Parkerte ved austsida av Merkedammen. God plass til å parkera der. Køyrde opp frå krysset Valmestadveien og Skjelbredveien.

Vegbeskrivelse: Gjekk over den vesle demningen og fulgte blåmerka sti. Fin sti men litt vått. Tok til høgre på skogsveg, gjekk ned til den vesle vika /Valmestadkilen) og tok til venstre på umerka sti. Stien kom etter eit par minuttar opp til skogsveg. Fulgte denne mot venstre (passerte Valmestadsetra på mi høgre side). Tok ikkje av opp mot hytta men fulgte skogsvegen framover og holdt så til høgre. Passerte snuplass i enden av grusveg, og fulgte skogsvegen ca 100 meter opp mot Smalmyr. Der tok eg av på sti opp til venstre. Fulgte denne opp i Hyttedalen. Der skogsvegen blir meir utydeleg og svinga skarpt mot venstre (rett etter at ein har passert hyttene på venstre sida) så fulgte eg umerka sti rett fram. Denne stien tok meg opp til jakttårnet som ikkje såg veldig stabilt ut, og som heller ikkje sto på rett topp for ein toppsamlar. Like etter jakttårnet tok eg derfor til venstre ned på myra og kryssa denne skrått mot nord (tilbake). Der kom eg inn på umerka sti som gjekk opp til toppen med skilt og liten varde. Flott terreng på toppen, og merka stiar i ulike retningar.

Retur same veg.

Omlag 6 km t/r.


Tilbake til Andebu






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset