Det som er å sei om Kjerranåsen er at det er kommunetoppen i Horten. Det er eigentleg alt. Absolutt alt.
Utgangspunkt: Frå E18 tok eg vestover på veg 680 Kopstadveien. Raskt deretter sørover på Kjærranveien. Fulgte denne sørover og vestover til siste garden som ligg like søraust for toppen. Parkerte i grøfta før husa her.
Vegbeskrivelse: Fulgte vegen vidare gjennom tunet. Etter tunet tar det etter kort tid av ein skogsveg opp til høgre. Fulgte denne til svært nære sjølve topp-punktet. Siste metrane fram var det merka med raude band.
På toppen hang den grønne TOT-boksen, og i tillegg eit stativ med ny boks i tre.