Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Annevasshøgda
557 m
Drammen
Buskerud
To toppar fire i følgje
(Skrevet av bakken59 13.11.2011)

Tur foretatt: November 2011. Andre på toppen: anneirik, maritv

Vi møttest tre toppsamlarar + ein partnar, frå Halden, Oppegård og Oslo, for å få med oss Annevasshøgda og Presteseteråsen. Køyrde til parkeringsplassen ved Andorsrud og sykla så langt vegen heldt. Mange bratte bakkar! Så gjekk vi og fann ganske greitt den vesle bolten i steinen på Annevasshøgda og hadde lang hygggjeleg rast i låg novembersol der. Det gjekk greitt å gå ned til Annevatnet att, og byrja så klatring oppover mot aust. Etter ei stor myr, og etter vi hadde passert ei heilt fantastisk gamal furu, leita vi litt på måfå rundt utan å finne postkassa som står nemnt, men vi var inne på stigen ned til Prestesetra. Nede på myra igjen fann kartlesaren ut at vi ikkje hadde gått langt nok aust, og vi prøvde oss igjen, og fann denne gongen både bolt og kassa. Sola gjekk ned, og vi gjekk ganske raskt nedover mot syklane. Dramatisk plump i gjørrmehol, der Marit plutseleg stod i eit myrhol til livet utan å greie å kome seg opp på eiga hand. Duskmørkt då vi kom til syklane, men nedoverturen gjekk radig - og heilt mørkt var det heller ikkje då vi nådde bilane klokka 1640. Hadde brukt 4,5 timar og lurte på kva slags modus dei er i dei som har logga denne turen til 2,5 timar. No la vi inn ein lang rast, og ein første bomtur på Presteseteråsen, og eit myrholdrama, men likevel. Folk er spreke!

Tilbake til Drammen




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset