Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Porsgrunn
Telemark
Typisk trimtopp
(Skrevet av hansn 30.10.2011)

Tur foretatt: Oktober 2011.

Fjerdingen i Porsgrunn er åpenbart ein populær trimtopp. Her var det tett mellom middeladrande menn i Birken-uniform (kondombukse og windbreaker med snørr på ermene) og pulsklokka. Bortsett frå dette var det ein rett så fin liten topp. Svært glatt enkelte stader men bra utsikt på toppen.

Utgangspunkt: Parkerte på parkeringsplass langs Bjørkedalsveien (veg nr 1) ved Flogstadtjenn.

Vegbeskrivelse: Like ved parkeringsplassen, nokre titals meter sørover langs vegen, startar blåmerka sti mot Fjerdingen. Eg fulgte denne stien heilt til topps. Utsikt sørover frå svaberga kor boksen med boka er (mange som hadde telling på sine turar hit opp, og ein burde nok ha eit par hundre turar i året for å vera i tetsjiktet såg det ut for), og utsikt nordover frå varden.

Det blir nok ikkje hundrevis av turar til Fjerdingen for min del, men no har eg i alle fall vore der ein gang :-)


Tilbake til Porsgrunn




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset