Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Kolbeinsvarden
231 m
Askøy
Hordaland
Kinderegget på Askøy
(Skrevet av hansn 18.09.2011)

Tur foretatt: September 2011.

Askøy er ikkje ein stad eg har tenkt på som mål for toppsamling før eg starta å samla kommunetoppar. I nokre år under studietida hadde eg utsikt til Kolbeinsvarden men har ikkje tenkt at den vesle knausen burde eg besøka. Men sanneleg, hit skulle eg gått for lenge sidan. Ikkje akkurat fjell, men fin tur og flott utsikt både mot fleire andre kommunetoppar og mot Bergen.

Utgangspunkt: Køyrde ca 6,5 km frå brua og parkerte ved Steinrusta i Erdalsvegen. Her er det stor snuplass og parkeringsplass med plass til 4-5 bilar.

Vegbeskrivelse: Merka sti frå parkeringsplassen heilt til den flotte varden på toppen. Noko vått deler av turen. Eit kortare parti var det lagt ut tau for å gjera "klatringa" opp/ned nokre bergknausar enklare.

Frå toppvarden (bok) er det flott panoramautsikt. Prisverdig at det er ei flott sikteskive her. Ein ser så og sei rett inn på Fisketorget i Bergen, i tillegg til byfjella og øytoppar som Liatårnet (der var eg tidlegare på dagen) og Eldsfjellet (dit drog eg dagen etter).

Kolbeinsvarden er ein flott trimtopp - når det er både Øytopp og Kommunetopp i tillegg så blir det jo reine Kinderegget, tre ting på ein gang.


Tilbake til Askøy








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset