Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Liatårnet
341 m
Fjell
Hordaland
Lett å forstå at dette er ein populær trimtopp
(Skrevet av hansn 18.09.2011)

Tur foretatt: September 2011.

Liatårnet er drygt 1500 meter lavare enn Gaustatoppen. Det skulle ein nesten ikkje tru når ein sit ved den flotte varden på toppen og nyter vid, vid utsikt. At tregrensa her ute "på den ytterste nøgne ø" går omtrent der tareskogen sluttar gir god fjellfølelse sjølv på denne begrensa høgda.

Utgangspunkt: Parkerte ved Fjell Festning, nedre p-plass, eit par kilometer sør for Fjell langs veg 555.

Vegbeskrivelse: Fulgte vegen mot Fjell festning (asfaltert), gjennom stridsvognsperrene, og til første kryss kor eg tok ned til høgre. Fulgte denne vegen nesten fram til skuret/lageret, då tar merka sti til Liatårnet av til høgre.

Stien går opp opp opp, og ganske raskt er du oppe på svaberg. Eit kort parti går stien oppover ei fjellhylla som ikkje er skummel men som har ein bratt kant med et fall på ein del meter.

Idet blodpumpa begynte å gi beskjed om at jeg hadde tatt i veg i ein fart litt høgare enn det eg var i form til for tida så var eg oppe. Ikkje nokon langtur dette akkurat.

Men super toppfølelse - utsikta er strålande!

GPS på toppen: 32 v 0285050 - 6692450


Tilbake til Fjell






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset