Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Førdesveten
284 m
Sund
Hordaland
Kyrkjestien til topps
(Skrevet av hansn 18.09.2011)

Tur foretatt: September 2011.

Ferdig med tindebestigninga (..) i Øygarden meinte eg at eg hadde meir enn nok tid til å plukka med meg Sunds kommunetopp Førdesveten før turen gjekk til 40-årslag inne i Bergen. Meinte å ha lest at dette var raske greier. Nokon langtur viste det seg heller ikkje å vera men inkludert litt feilorientering så vart det nesten 10 km i myke tung og våt myr. Mens dei andre entra festen på kvelden i festantrekk ankom eg litt seint i gjørmete turklede.. :-)

Utgangspunkt: Parkerte ved Stranda skole (i Tveitane). Bak eit gjerde som skjerma noko gravearbeide fant eg det som truleg har vore informasjonsskiltet om turstiane i området, men dette var uten noko som helst informasjon denne dagen.

Vegbeskrivelse: La i veg på stien som startar i enden av parkeringsplassen (bak anleggsgjerdet). Herfrå er Den gamle kyrkjestien merka med jevnlege skilt (blå "N"-merker). Stien snor seg oppover i vekslande kystterreng, til dels vått, før den går inn i skogen og går bratt nedover. Her vart eg usikker og konkluderte med at eg var på ville vegar. Gjekk tilbake og prøvde meg på ei rett linja mot toppen. Det blei fort keitete så eg prøvde meg inn i skogen ein gang til. Ganske raskt bryt den blåmerka stien her av mot høgre og klatrar oppover igjen. Skogen her var trolsk og fin å gå i, med irrgrønn vekst på bakke og gamle trær. Gjennom ein gammal steingard og så er det merka opp mot høgre (her var det ei rik ansamling av ulike skilt, riktig veg er 90 grader opp til høgre. Etter ei stund er skogen ferdig og blir avløyst av myr, myr, myr, myr. Her er det kun høge støvlar som dug! Stien rundar bak til motsatt sida av fjellet enn der ein starta. Her tar ein på nytt av til høgre og begynnar på relativt bratt stigning opp til toppen. I dette partiet er det satt opp fleire tretrapper i dei brattaste knausene. Denne delen av stien er merket med både blått og raudt.

Toppen er rikelig utrusta med tekniske installasjonar og ei lita hytte/skur. På hytta heng boksen med topp-boka. Som så ofte på vestlandet er det ein flott steinvarde på toppen. Det gir liksom litt ekstra topplykke når ein kan setta seg ned ved ein flott varde.

Utsikten er formidabel, høgda tatt i betraktning.

GPS ved toppvarden: 0284496-6681162


Tilbake til Sund








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset