Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Mandal
Vest-Agder
Kadaverdisiplin og regnboge ved masta!
(Skrevet av Anders 15.09.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Svolheia , 315 moh
Mandal kommune, Vest-Agder

31.08.2011
Det regna apekattar på veg frå Bronhei i Lindesnes til Norum. Vart litt rally på grusvegane, men kom omsider fram til Norum når bonden tok opp sperrebandet og sa det var greitt eg parkerte ved det nedlagte bruket lenger inne. Han viste elles lite forståing for å gå fjellet i slikt eit ver.
Rota litt med retning og riktig traktorveg i starten, men fann etter kvart ut av det. På ny vil eg skulde litt på www.noregskart.no som ikkje gav oppdatert informasjon om kor det gjekk vegar. Eg gjekk forbi ei ekte løe med tørka graskuba og kom til elva med steinar over. Rett opp til venstre på hauggammal traktorveg og heilt til grensesteingjerdet for å vende opp mot toppen. Eit kadaver av type 'stor kjeve' låg i vegkanten. Gjekk fint å ta seg opp mot masta som blenka i regnbogen. Regnet hadde som de forstå fått vitjing av sola, og det var jo kjekt!
Dro ned same veg i starten, men vendte meir direkte nedover etter kvart. Såg ikkje meir til bonden og kom meg kjapt attende mot bil og sivilisasjon. Noregs mest sydlige kommunetopp var kanskje ikkje 10 av 10 poeng... Men minijubileum vart det (125/430)!
Tid: 20 minutt opp + 15 minutt ned
Dagens dyr: Ku. Meiner eg høyrde litt rauting frå fjøset på Norum.
Turtips! Skaff godt utsnitt av kartet, som godt inn om du går på noregskart.no. Elles er godt fot- og buksekledning lurt i dette lende.


Tilbake til Mandal








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset