Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Hårskallen
735 m
Levanger
Nord-Trøndelag
Strålande utsikt over fjord og fjell
(Skrevet av hansn 22.08.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Ryktet om flott utsikt frå denne toppen hadde spreidd seg langt utanfor dei engare kommunetoppsamlarkretsar (puh!) - det var den reine folkevandringa opp til toppen denne strålande søndagen.

Utgangspunkt:
Tok av frå E6 skilta mot Skogset. Deretter mot Buran og skilt mot Vullusjøen og Skallstuggu (parkering). Bompengar undervegs kr 40 (kontantkonvolutt). Ved parkeringsplassen var det kiosk i Stallstuggu.

Vegbeskrivelse:
Svært tydeleg sti startar ved parkeringsplassen på høgre sida når du kjem opp. Merka med band nokre stader men stien er så tydeleg at merker trengs strengt tatt ikkje. Nokre stideler undervegs men det såg ut til at "alle veger førte til Rom" - til topps kjem ein enten ein velgjer så eller så.
Belønninga på toppen er, foruten eit lite norsk flagg som vinka ivrig i vinden, ei fantastisk utsikt i alle retningar. Her ser ein frå fjord til fjell med vidt utsyn over ei rekkje Nord-Trønderske bygder og med flotte fjell i retning mot Sverige og nordover.

Fin topp før søndagsmiddagen!

GPS på toppen: 32 v 0624417 - 7060627


Tilbake til Levanger






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset