Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Gaustatoppen
1883 m
Tinn
Telemark
Gaustatoppen heilt opp!
(Skrevet av bakken59 31.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2011. Andre på toppen: knut98

Laurdag 30. Juli skulle bror min med familie og gjester dra heim frå hytta etter ferien og planla å "ta" Gaustatoppen på heimvegen. Det var tre ungar med som ikkje hadde vore der før. Tom eg eg hang oss på, for eg har ikkje registrert Gaustatoppen fordi eg aldri har gått ryggen heilt bort før. No skulle eg la høgdeskrekken vere og greie dei siste metrane. Tom og eg og hunden starta 10 minuttar foran dei andre, og brukte 1, 22 opp. Det var vi godt nøgde med. Jamn ustressa gange. Mykje folk sjølvsagt. Når eg tenkjer på alle dei andre flotte toppane eg har vore heilt aleine på i sommar! Det kom ei regnskur då vi gjekk oppover, men ikkje verre enn at vi gjekk i shorts heile tida. Sol att då vi kom opp. Broren min tok oss att, 1,11 på han. Så bar det over mot toppen. Litt luftig og ekkelt med ein gong, men etter kvart blir ein meir vand, og tilbake gjekk eg meir oppreist. Veldig nøgd med med sjølv. Hunden gav opp halvvegs bort, så Tom fekk vente til eg kom tilbake til han og overtok hunden. Det kom nokre toreskrell då vi var oppe på toppen. Litt skummelt å gje seg til der i torever. Vaffel på hytta før vi snudde og gjekk ned. Fire av oss til Gaustaråen. Sjå eigen rapport. Tom, Erling, Anniken, Knut, Kari, Frida og Andreas og hunden Uncas var med.

Tilbake til Tinn




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset