Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Horsfjell
289 m
Bamble
Telemark
Første gong på eigen kommunes høgaste topp!
(Skrevet av bakken59 25.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2011.

Eg er bambling, og sjølv om eg ikkje har budd i kommunen på¨31 år, var det for ille å ikkje ha vore på Hørsfjell. Så måndag 25.7 køyrde eg frå hytta i Seljord, tok med meg foreldra mine (78 år) og gjekk til Hørsfjell. Det blei ein litt kronglute tur. Vi følgde den merka turløypa opp langs elva etter å ha gått frå gårdstunet til Bamble. Men etter store nedbørsmengder var det svært vanskeleg å krysse bekkene, og den litt urete stien var forvandla til ein bekk med sleipe glatte steinar. Dei gamle strevde litt. Oppe ved Svarttjenn, måtte vi krysse bekken/elva, men det let seg vanskeleg gjere på grunn av vassmengdene, i alle fall for nokon på nesten 80, så vi gjekk rundt tjenna. Det var hengemyrar, og bekkar som måtte forserast og bratte ufser før vi kom inn på Svarttjennvegen (!) som vi sjølvsagt burde ha følgt frå starten av. Fann først den første toppen med kasse og åt der. Då kom regnet....Så gjekk vi bort til den eigenlege toppen - som var kjempefin - flott stor varde, og fine bare berg og truleg flott utsyn - men det regnte og tåka hang nedover - så det blei med at vi forstod potensialet. Vi gjekk heimover på den andre sifa av fjellet (den austre) - som absolutt må vere den greiiaste traseen opp også. For der gjekk vi på sti i 600 meter og så god traktor- sykleveg i 3,3 km. Vi kom heim dyvåte - men svært godt nøgde. Bamble har eg no i korga! Skulle berre mangle...

Tilbake til Bamble
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset