Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Tysnessåta
752 m
Tysnes
Hordaland
Bratte bakkar belønna med suveren utsikt
(Skrevet av hansn 18.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2011.

Eg er oppvaksen i Kvinnherad med utsikt så og sei til toppen av Tysnessåto. Derfor var det nesten litt flaut å sei at ein samla på kommunetoppar men ikkje ha denne toppen i samlinga. Eg sikla derfor litt etter denne, men ville ha fint vær for å nyta utsikten. Ein dag i sommarferien var det både anledning til å ta turen og samtidig strålande vær. Endeleg!

Utgangspunkt: Parkerte i Myrdal på tilrettelagt parkeringsplass i enden av "den midterste" vegen inne i dalen. Eg kom langs veg 49 frå Gjermundshavn mot Våge, det er då skilta mot Myrdal litt etter Lundegrend.

Vegbeskrivelse: Tydeleg og godt merka sti startar ved parkeringsplassen. Skikkeleg vestlandssti - her er det ingen tvil om kor stien går - oppover!

Stien går oppover Buskardet, langs Steinelva. Raskt får ein vid utsikt nordover mot fjord og fjell. Sissel burde stått i bunad på ein stein her oppe og sunget "Å Vestland, vestland, når eg ser deg slik". Ho kunne forsåvidt gjerna delt ut litt kald drikka også for eg hadde pakka særs lett og heilt utan drikka, noko eg angra litt på i sommarvarmen opp kneikene her.

Oppe på kanten dreier stien til høgre og ganske rett mot toppen. Sjølve toppen ser ein ikkje før ein nærmar seg men det er ingen tvil om kor ein skal.

Som seg hør og bør for ein kommunetopp så er det skikkeleg toppvarde og i tillegg fenomenal utsikt vidt omkring i Hordaland.

På veg ned fekk eg telefon om at Hushovd hadde vunne etappe i TdF - for ein gammal sykkelentusiast og fjellelskar blei dette dermed ein skikkeleg høgdare av ein dag.

Tysnessåto anbefalast!


Tilbake til Tysnes








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset