Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Bislingflaka
693 m
Lunner
Oppland
Fyttirakkaren!
(Skrevet av hansn 08.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2011.

Eg starta å samla toppar fordi det å besøka ein ny topp, høg eller lav, krevande eller lett gir ein lykkefølelse og eit etterlengta kvileskjær og tenkepause. Besøket på Lunners tak er vel einaste gang ein topptur har etterlatt meg sur og grinete. Men å krone "bestigningen" med synet av den mildt sagt forfalne Bislingen Fjellstue var nesten deprimerande. Mogeleg at det kunne finnast ei vindusruta som ikkje var knust men det var ikkje mange i alle fall. Persienner som hang og slang. Glasskår over alt - dåke som har hund med hit må passa på potane! Nokon må då kunna haldast ansvarleg for dette, slikt som dette er ille!

Utgangspunkt:
Parkerte ved Mylla. Ein sein sommarkveld er det ikkje akkurat trangt om plassen på denne populære langrennsutfartsplassen.
Kryssa over brua før dammen og fulgte grusvegen mot Bislingen Fjellstue (venstre der vegen deler seg). Fulgte vegen til det tok av blåmerka sti til venstre (etter første skarpe høgrekurve på vegen). Konstaterte raskt at stien var særs våt (tilnærma ein bekk) og usedvanleg glatt men lurte meg sjølv til å tenka at dette sikkert bare var heilt i starten. Det var det ikkje.. Stien her anbefalast ikkje om det er vått i terrenget. Svært glatt i stien/bekken. Passerte eit par koier før stien dreier oppover mot toppen og kjem inn på vegen kort før Fjellstua. Som nevnt var Fjellstua eit nedslåande syn. Toppområdet som ligg like bak var imidlertid rett så flott i den svært lave sommerkveldsola. Drøyde nokre minuttar på toppflata for å sjå solnedgangen. Tok meg ikkje tid til å finleita etter den eksakte toppen her men tok ein runde på dei mest åpenbare kandidatane og besøkte bolten og den vesle varden.

Rask retur langs grusvegen ned til bilen.

GPS for antatt topp-punkt: 32V 6677948 588789


Tilbake til Lunner








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset