Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Holtekjæråsen, sør
79 m
Tjøme
Vestfold
Stien starta på toppen... :-)
(Skrevet av hansn 21.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

På grunn av litt feilnavigering (tok litt lett på det sidan høgda her ikkje skremmer nokon) så vart det eigentlig ein heilt grei liten kveldstur.

Utgangspunkt: Tok av den lille grusvegen som beskrevet av fleire, og parkerte på parkeringsplassen (lika før skiltet med søppeltømming forbudt). Syntes eg såg ein sti som starta i svingen litt bak og tok i veg på denne. Denne gjekk langs eit jorde men resulterte i ingenting. Her var det for bratt til å bare sikta mot toppen så gjekk tilbake mot bilen. Kom over en oppeten rådyrbukk. Bare geviret, skallen og ryggrada låg igjen.

Nesten tilbake ved bilen sikta eg gpsen mot toppen og klauv oppover. Ikkje veldig bratt men slik at ein fekk ein viss turfølelse i alle fall.
Kom til ein lavare topp først og gjekk så ned i en liten "dal" for å gå opp på hovudtoppen. Med "topp" og "dal" her så er det vel helst snakk om minitopp og minidal :-) I denne dalen var det ein sinnrik paintballbane. Eineste kommunetopp med paintballbane så og sei på toppen?

På toppen vart det utløyst litt frustrasjon over at eg hadde gløymt mobilen og dermed fotomulighet i bilen. Vurderte å springa ned for å hente men så fristande var eigentleg ikkje denna toppen trass alt. Skreiv inn i turboka på toppen i stedet.

Fulgte så stien som her var tydeleg. Den gjekk først ikkje i "riktig retning" men svingte etterkvart mot bilen igjen og eg kom ned noko lengre inne på den grusvegen kor eg hadde parkert.

Tid: 35 minutter.

GPS: Koordinatene på toppen er 32 V 0580183 - 6557540


Tilbake til Tjøme
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset