Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Bjerkreim
Rogaland
Dagen før Kong Vinter helsa på.
(Skrevet av Anders 27.10.2010)

Tur foretatt: Oktober 2010.

20.10 2010
Haldt kurs i Bjerkreim om skulle køyre direkte inn til Byrkjedal . Diverre var det vegarbeid så måtte køyre via Ålgård og Oltedal, det tok 1 time frå Vikeså. Køyre som andre opp på høgste punktet på vegen mot Maudal og starta herifrå. Fekk tips av lokale om at fleire også starta frå vest og gjekk austover mot toppen, men då fleire "hylla" vegen frå aust mot toppen tok eg og den.
Det var ikkje feil. Sti som var lett og følgje i magisk Rogalandsterreng (steinar, glatte berg, myr, ur, lite vegetasjon og god "trekk"). Gjekk på eit par dø lemen, 2 levande og ein elv som hadde frose alle strå rundt seg i, det vart ein flott fototur! Brukte 1t 45min til toppen med hurtig gange inkludert ein del fotstopp. Siste parti mot toppen var veldig artig og utfordrande teknisk. Anbefalst tørt og fint berg, eg fekk litt styr ned att på glaserte steinheller...
Brukte 1t 25min ned att og storkoste skinnet av meg. Dette er eit verkeleg flott Rogalandsfjell som fortene tid og fotoapparat. Utsikta frå toppen er storslått, men ha gode sko for å komme opp der!
Toppmassivet minna forøvrig litt om "the Great Watchtower of Amon Sul" frå Ringenes Herre.

Tid: 3t 15min t/r inkl. toppause på 5 min.


Tilbake til Bjerkreim




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset