Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Møysalen
1262 m
Hinnøya
Sortland
Nordland
Vesterålsdronninga frå to kantar!
(Skrevet av Anders 01.07.2011)

Tur foretatt: Juni 2011. Andre på toppen: Løvstakken, mob, Sea

Møysalen, 1266 moh
Sortland- og Lødingen kommune, Nordland

24.06.2011
Når ein er så heldig å ha jobboppdrag her oppe i juni månad er det pålagt å utvide turen med eit par dagar for å få oppleve den fantastiske naturen og dei frekke menneska her oppe. Så etter siste arbeidsdag torsdag kom fjellfolket rekande inn på Evenes i tur og orden. Vi fylte bilen med turproviant og måtte la festspel vere festspel denne gongen. Overnattinga som viste seg å vere in skatt, var booka av mob; Sjølvaste Sigerfjord Camping (eller feriehus) som er tett opp til den perfekte base for rangling i Vesterålen. Sjekk http://www.sigerfjord.net/
Etter litt pølsing og noget attåt på St. Hans fann vi ut at å stå opp i normal tid var mest korrekt ut i frå ei vanskelig leseleg vêrmelding. Vi var ut dørene kl. 09:30 og var godt nøgd med det. Etter kjentkjerringtips frå min velinformerte kontakt i Hadsel kommune hadde vi bestemt oss for å prøve ei alternativ rute til toppen for så å traske ned att der vanlige folk ferdes. Det var derfor i Fiskfjord (her oppe har dei ein tendens til å sløyfe ein bokstav i eigenamn) vi svinga opp grusvegen austover til kraftstasjonen. Det var ingen skilt her (noko vi oppdaga på slutten av dagen att det var 200 meter før stasjonen…) så vi starta på den stien som går opp rett bak stasjonen. Oppe ved demninga var det for høg vasstand til å vasse rundt Storhaugen så vi måtte over på nordsida av demninga og over denne haugen. Det var etter kvart litt grisete nedfart med bregnar og steinbotn, men vi kom oss ned til 2. Fiskfjordvatn att og følgde merka kvit tape langs fjorden. Oppe ved 3. Fiskfjordvatn hadde vi avklart at vi skulle over elva og gå på vestsida av 109. Problemet var at det var litt for høg vasstand til å krysse tørrskodd. Å ta av seg skoa vart vurder som lite mandig så vi åla oss i staden over ei bjørk som låg som Triumfbogen over elva. Artig rekreasjonsleik om ikkje anna. Langs vatnet på denne sida var det god sti og vi tok ein rast før høgdemetra skulle erobrast.
Avgjersla var også tatt om å dra på vestsida av Møysalaksla opp til øvre Møysalvatn. Det var litt bratt og kyrete i starten, men etter fyrste kneika er det fin skuring mot toppen av aksla. Vi drog opp på sjølve aksla litt tidlig grunna bratte snørenner inst i dalen. Oppstiginga gjekk fint og vi fekk ein luftig passasje og to bort til grus-/snørenna som tok oss ned att til vatnet. Ei brødskive til her og kalkylen på tida opp var sprukke. Det meste grunna rotete stibotn og elvekryssing nede i dalen.
Oppe i ryggen på sjølvaste Møysalen gjekk vi på standardstien frå Lonkanfjorden der det horisontale kjettingpartiet er lagt ut. Det var her vi tok dei siste utsiktsbileta då skodda lura rundt Møya i dag, om resten av turen vart prega av fint ver.
Breen rett før toppen var uproblematisk å forsere utan tau på denne tida av året. Blaut og fast og fin. Etter 5,5 timar kunne vi gå dei siste sahara-sand prega stega mot toppen og kauke ut mot verda. Dobbel kommunetopp og Vesterålens høgste tind! Det viste seg også at skodda låg som ei smultring rundt toppen, mens på sjølve toppunktet var det vindstille og übervarmt! Vi var her nesten ein time og grilla skrotten og fekk sanneleg utsikt mot nord og aust etter kvart også. Eit luftig toppmassiv openbara seg, ein fekk kjensla av alpine toppar i Alpane.
Men etter også å ha dansa litt på breen i nordleg retning (flotte formasjonar) måtte bandet pakka saman instrumenta og komme seg heim att. Vi tok her normal rute ned og det mest artige var ”renning på ræven” i snøen samt denne togbanen inst i Norddalen; Mykje hardt arbeid gjort her og slik det ser ut no, fullstendig malplassert. Lite informasjon var det å finne om banen, men etter litt gransking i etterkant fann ein ut dette:
” Bergindustri: Tidlig på 1900-tallet var det gruvedrift og uttak av jernmalm. Fra gruvene gikk det jernbane ned til sjøen og Lonkanfjorden. Turstien følger nå denne traseen.”
Det var ein dryg bete å gå ut att frå enden av Lonkanfjorden så om ein ikkje er sugen på 75 minutt hurtig gange i variabelt skrålende på slutten av turen, er det lurt å booke ein båtdrosje her. Vi kom omsider ned på grusvegn ved Toftelva etter 11,5 timar i ubesudla natur utan å ha truffet ein homo sapiens. Drosjeturen attende til Fiskfjord var fylt med historier om Hennes si tidligare stordomstid og ei drosjerinne som tappert forsøkte å halde lukta akseptabel i arbeidsplassen sin. 4 vaksne mannfolk på tur stinkar!

Tid: 5,5 timar opp + ca. 1 time på toppen + 5 timar ned
Antall høgdemeter: ca. 1400

Turtips! Fin rundtur, men krev litt meir tid og ein må vere førebudd på ufint terreng deler av stykket opp.




Tilbake til Hinnøya










 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset