Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Nøtterøy
Nøtterøy
Vestfold
Raskt gjort
(Skrevet av hansn 21.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

Fint lite å sei om denne toppen. Kjedeleg er ganske dekkande.

Utgangspunkt: Parkerte bak det nye byggjefeltet på venstre hand på vegen frå Tjøme til Torød - ei rad med heilt like legoklossar som ligg på rekkje langs vegen.

Vegbeskrivelse: Fulgte bomvegen som starta like bak byggjefeltet. Den går heilt fram til det inngjerda militære området på toppen. Raskt gjort dette. Synd at det ikkje er adgang bort på sjølve topp-punktet, der er det muligens noko utsikt, men det er ikkje mange metrane frå porten der eg stoppa og til sjølve topp-punktet, så eg rekner toppen som besøkt.

I ettertid ser eg at nokre andre toppsamlarar har krope under gjerdet for å komma bort på topp-punktet. Kanskje eg må ta ein ny tur då.. Men kommentaren til 500fjell om at ein neppe skal vera for kraftig for å komme seg under gjerdet gjer at eg inntil vidare utset det :-)


Tilbake til Nøtterøy






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset