Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Stabblandet
Aure
Møre og Romsdal
Fjord og fjell i spektakulær hantikkedans
(Skrevet av Anders 13.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

08.06.11
Etter 70 vertikale meter og diverse bondiansk naturlandskap på Smøla var det eigentleg Agdenes sine 656 moh som skulle sikre litt klyving denne konsulentveka. Men vêrmeldinga viste terningkast 6, lappeteppet i området eg var i (Kyrksæterøra) hadde berre ein lapp att og då dette i tillegg var ein dobbeltopp vart Aure sin Inderbergsalen, Stabben eller kva den no heiter for freistande. 908 kvasse høgdemeter og truleg formidabel utsikt. Dette innebar køyring 80 minutt i feil retning og 80 minutt attende før eg kunne sette kursen mot Meldal der neste oppdrag venta. I tillegg måtte ein svi av 2 * 105,- i bompengar for å komme seg til Stabblandet så var litt usikker på om turen var så flott at den vog opp for alle offera som var lagt i skåla…
Eg valde å køyre til Innerberg, over på grusvegen og parkere ved stolpe 18. Det var totalt unødig å stoppe der då det var mogleg å parkere ved stole 28 der stien startar. Stien er varierande diffus og farbar heile vegen til du kjem i ope lende så her var det om å gjere som i orientering; Løfte blikket og ha ei klar formeining om kor du er og skal i lendet. Stien tar også ein liten sving ned att i landskapen, men det er ikkje noko å uroa seg over.
Etter kvart kom eg opp til ei lita lysning av ei grasslette med kjempeutsikt sørover fjordar og fjell. På veg ned at var det her ei firfisle som titta fram og undra seg på om den hadde livets rett, noko den hadde denne dagen. Uglefisk hadde her slite må å finne vegen vidare ved eit byggverk i stein og ganske riktig, her var det ikkje lett å sjå kor ein skulle. Men trikset er å følgje høgdekurva 20-30 meter nordaust der stien startar att. Resten av vegen til over tregrensa er det berre å halde fokus så kjem ein seg der ein skal. Det er verdt å følgje den for ein kjem opp på eit platå med myrull og utsikt til å verte mo i knea av (om ein ikkje er det allereie pga av alle høgdemetra).
Når ein kjem opp her er det to val; Halde ei rett-retning mot toppen som ein far og son eg trefte hadde gjort eller svinge nordvest att for å ikkje få alle høgdemetra rett i fleisen. Eg vil anbefale det siste, der steinura startar er det også varda heil opp til topps. Det vart mange meter klyving mot toppen, men eg kom omsider opp etter relativt høgt gangetempo. Vakre formasjonar nordover mot salen og den andre Stabben venta så her var det berre å slå rot, børste hanntikker og ta seg god tid.
Ned att gjekk det ikkje veldig fort då ankelen som er vond frå før ville ta det rolig i ura. Men sola gjekk akkurat over fjellegga og temperaturen var fin så det var ein kosteleg tur, også ned att. Kom ned ein god time seinare etter også å ha preika litt med Norsk Gallup. Så var det berre å børste av seg den siste hantikka og sette kursen mot Meldal, 159 km vekke 

Turtips: Om du mister stien, bruk tid og ta deg inn att før du held fram. Om du vil utvide turen, legg den om den andre Stabben, det må vere superflott.
Tid: 1t 35min gange opp + 25 min på toppen, 1 time ned + 5 minutt til Norsk Gallup.
Distanse: 8-12 km
Stigning totalt: ca. 820 høgdemeter (start +- 100 moh)


Tilbake til Stabblandet








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset