Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Strand
Rogaland
Herlig tur
(Skrevet av Finnfast 06.06.2010)

Tur foretatt: Juni 2010.

Første skikkelige kommunetoppturen denne sommaren. Kjørte til Jørpeland, svingte av mot Foreneset og kjørte til endes. Klarte til slutt å finne ein ledig plass på den store parkeringsplassen. Det viste seg å vera ein speidarleir i området.

Fulgte lysløype til god og tydeleg rødmerka sti byrja. Når stien delte seg tok vi til venstre og gjekk opp ryggen av Heiahornet og til topps. 1 time og 20 minutt i passe greit tempo. Flott utsikt i alle retningar. Store deler av Ryfylke, Nord-Jæren og tildels Lysefjordområdet var synleg.

Hadde ein god pause før vi fortsatte retning Småsilhornet. Gjekk ikkje bortom sjølve toppen, men fortsatte ned til enden av Småsildalen og tilbake til utgangspunktet. Tett skog, men også her var tydeleg, god og merka sti heile vegen. Vil på det varmaste anbefale denne rundturen. Naturen i dalen var fantastisk og fuglelivet var innholdsrikt. Ein fann verkeleg "skogens ro". Brukte faktisk litt kortare tid ned att sjølv om det var ein del lengre i distanse.

Ein herlig tur på ein nydeleg dag. Kan anbefalast på det varmaste.


Tilbake til Strand
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset