Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Nedre Eiker
Buskerud
Kveldstur på Trettekollen
(Skrevet av Frode 18.09.2005)

Tur foretatt: September 2005. Andre på toppen: Benti, Dag

Utgangspunktet var Krokstadelva. Etter eit mislukka forsøk der vi enda i ei blindgate i eit boligfelt, fann vi fram til ein skogsveg (30 kr) som gjekk innover til Ulevann (eller Urdevann som det står på enkelte kart). Frå parkeringsplassen er det rundt 5 km til toppen. Stien (eller vegen) følger høgspentlinjene i nesten rett linje mot Trettekollen. Den er faktisk så fin at det hadde gått fint å sykla mesteparten av vegen.

Etter å ha passert Langevatn, tok vi av mot venstre opp gjennom skogen, og fann raskt topp-punktet. På tilbaketuren hadde vi fullmånen i ryggen, men den var litt for lav til å lyse skikkelig opp. Det resulterte i at eg plutseleg sto i gjørme til kneet. Vi brukte ein drøy time kvar veg på turen.


Tilbake til Nedre Eiker
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset