Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Skaun
Sør-Trøndelag
Midt i Skauen
(Skrevet av Frode 26.08.2005)

Tur foretatt: August 2005.

På grunn av lavt skydekke, styrtregn og stengte setervegar, lot eg toppane i Hemne, Snillfjord og Orkdal stå til seinare og køyrde vidare til Skaun. Kommunetoppen i Skaun ligg på grensa mot både Orkdal og Melhus.

Eg køyrde opp til Brattlia som ligg eit par mil sør for Orkdal. Her var parkeringsplass med avgift (15 kr), og første del av turen gjekk på skogsvei. Deretter var det mest myr, som etter alt regnet var ekstra våt. Skodda skapte ei nesten trolsk stemning på vegen innover mot Elgshøgda.



Frå parkeringsplassen og opp til toppen er det 2,5 km og ei komfortabel stigning på 200 høgdemeter. Turen tek ein drøy time tur/retur, eller litt lenger om du stoppar for å plukke blåbær.

På toppen var det god informasjon om at dette var høgste punktet i Skaun kommune, og fjelltrimboka var plassert i ein postkasse som var dekorert med vakker kunst.



Gummistøvlar er nok det sikraste fottøyet på ein tur til Elgshøgda, ellers blir du nok våt på beina. Eg såg ingen elg på toppen, men kven veit; kanskje står han der når du skal dit...


Tilbake til Skaun
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset