Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Trollhetta
1616 m
Rindal
Møre og Romsdal
Ski-/telttur Jølhaugen-Langvatnet(base) i vårsol
(Skrevet av ulf 28.04.2009)

Tur foretatt: April 2009.

Siste helg i april var nok siste helg med gode nok snøforhold om mildværet fortsetter. Lars og Claes og eg skulle ta årets vinterteltur.Start Jølhaugen ca kl 1015.Heldigvis skare i starten ,hadde pulk,greit over Jølvatnet opp vintermerka løype til skaret på 1070 m rett sørom Tovdalsberga.Dei fleste andre som starta skulle på dagstur til østtoppen som er lettast tilgjengeleg,men ingen kommunetopp.Ompakking ved Langvatnet,satte frå oss pulk og tok med topptursekk. Bratt i skaret frå 1350-1450 m,men sola sto rett i mot,mjuk snø første 10 cm.Rast på 1470m med praktfull utsikt mor Snota,kunne sitte i bar overkropp i 5-tida.På toppen kl 18.Flott utsikt .Forslag om tempmåling i skyggen til toppvarden med julegåva frå fruen:Tissot pro-Touch,feilen var at eg hugsa at eg skulle lese av temp når vi var nede på den vesle flaten på 1200m...Eg rusla oppat 400 høgdemeter mens eg sang på Tom Waits: And it's Time Time Time
that you love
And it's Time Time Time.
Oppe igjen kl 20, fortsatt sol/men tilskyande.Susa ned til Langvatnet på 30 minutt og fortsatt gode lysforhold.der dei andre gutane hadde ordna teltet og henta vatn og ved.Biff Stroganoff med mye ekstra snadder og Rødvin smakte himmelsk etter mange høgdemeter.Konjakk rundt bålet etterpå,god stemning.Neste dag:Det vart ikkje isfiske då det var folk på hytta og vi ikkje hadde ordna fiskekort.Ein gutunge var borte å sjekka fiskeholene sine på morgonen men ingen fangst såg det ut som.Same veg tilbake med lang doven pause oppe i skaret,før retur på roten snø til Jølvatnet.der var isforholda verre enn dagen før,litt overvatn enkelte stader. ca 4 timar med pulk/innlagte pausar både til og frå Langvatnet.


Tilbake til Rindal
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset