Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Prestesæteråsen, vest
570 m
Sande
Vestfold
Bæring av ski til Prestesæteråsen
(Skrevet av Ole-J 23.03.2005)

Tur foretatt: Mars 2005.

Nok eit forsøk på å nå det høgaste punktet i Drammen kommune; Annevannshøgda 557 moh. Denne gongen hadde eg tenkt å få med meg Presteseteråsen også. Med sine 567 moh er det den høgaste åsen i Sande kommune i Vestfold. Det hadde skya over og temperaturen låg på eit par pluss, då eg begynte å gå frå Andorsrud. Skogsbilvegen var pløgd og ikkje lagt opp med fine skispor, slik eg hadde håpa på. Det hadde faktisk vore heilt perfekt for sparkstøtting... Så eg tok skia på nakken og gjekk. Og det gjorde eg heilt til det punktet eg snudde på sykkel i sommar, sør for Grodalsåsen. Men i staden for å rette opp feilen frå i fjor, snudde eg og gjekk ikkje opp Gravdalen, men vestover mot Rønnehue. Dette vart ein omveg, kan du sei... I tilleg kom den meldte fronten med lett duskregn. Rett før Rønnehue traff eg på skiløypa mot Presteseter. Den følgde eg forbi Trytetjern og vidare til Dammyra. Vidare innover mot Svartevatnet og Annevannshøgda var der verken skispor, eller pløgd veg. Eg tok av meg skia rett før Svartevatnet og følgde den blåmerka stien mot Presteseter. Heldigvis hadde det gått ei person til fots før meg og laga løype. Fotspora var mellom 20 og 30 cm djupe.. No hadde det begynt å klarne litt opp og regnet hadde gitt seg. Eg støkte opp ein tiur. Eit flott syn!! Utsikta frå toppen av Prestesæteråsen var ikkje det store, men eg fekk sjå ei snømus som herja rundt der oppe. Artig!!!! Eg følgde same vegen tilbake, men frå Dammyra tok eg den vegen eg skulle ha gått opp; nemlig nedover Gravdalen. Det vart vel omlag fem kilometer med bæring av ski tilbake til Andorsrud. Steik, det hadde vore kjekt med ein spark. Eg korta ned turen med Nirvana, The Doors og Odd Nordstoga på øyret. Eg gav også ein konsert til eit par intetanande isfiskarar, som spontant gav meg ein votteapplaus... ;) Det var vel ikkje akkurat vakkert kan eg tenkje meg. Eg kom meg ikkje opp på Annevannshøgda i dag helder, men i sommar skal den til pers på sykkel. No kan eg vegen!!!!

http://no.flightlog.org/fl.html?l=2&a=34&user_id=799&trip_id=76184


Tilbake til Sande
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset