Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Samnanger
Hordaland
På ski frå Kvamskogen
(Skrevet av Frode 06.04.2008)

Tur foretatt: April 2008.

Ein fantastisk dag med sol og kun litt vind på toppen. Skyene trua litt i sør, men sola vann den kampen greit. Vi starta frå Bondetrekket. Hadde håpa på å ta trekket opp og spare 200 høgdemeter, men ingen heisførar var å sjå kl 10.15. Trekket starta derimot å gå akkurat i det vi kom opp. Vi gjekk opp via Såta, opp Stueveggen som den blir kalla og deretter fulgte etter alle dei andre som var på veg mot toppen. Turen tok ca 3,5 time frå botnen av skitrekket. På toppen byrja det å blåse, så matpausa måtte vi ta i solsida på veg ned igjen. Fin nedkøyring og masse folk i fjellet denne dagen. Fantastisk utsikt frå toppen. Ein tur som kan anbefalast alle, og snøen kjem til å ligge i fleire veker enno.

Tilbake til Samnanger
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset