Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Hodnafjellet
234 m
Rennesøy
Rogaland
Sol og Måne, flaks sa Severin...
(Skrevet av Anders 28.12.2004)

Tur foretatt: Desember 2004.

Rennesøyhornet, 234 moh – Rennesøy – nr. 39

Etter fleire sjangsar der det liksom ikkje har passa inn i tilmålt tid på Rogalandsvitjing, var det 2. juledag slutt på nedprioriteringa: Hodnafjellet, 234 moh skulle sirklast inn som ein fin 39. kommunetopp i protokollen.
No skal fleire lokale tungar (opp til fem av fem, faktisk!) ha namnet til å vera Rennesøyhornet, og karakteristisk nok gjer ein nabotopp formasjonen ein hornfasong. På Sunnmøret kallar mann jo kva som helst eit horn, mens ein er litt meir kresen her nede.
Eg starta 0830 frå Stavanger med halvmørke, morgongjesp og masse julemat i kroppen, men ein kaffi på Esso’en og mormors banan gjorde underverk. Rennfastbommen blei passert og 90 kroner tikka ut frå konto på far min sin autopass – konto :p
Rett etter andre tunnelen bar det til høgre mot Øvsthus og Hodne. Her var det is- og snødekka vegar samt ein måne på himmelen som nekta og leggja seg. Då eg kom fram til Hodne etter ca 45 min var det eit svera skilt med INGEN PARKERING OG INGEN FERDSEL. Ein rask resonering konkluderte med at dette gjaldt den dyrka marka rundt toppen, og eg parkerte bilen litt lenger nede i vegen. Så var det berre og leggja på sprang opp inn grinda og langs steingjerdet i ein liten sirkel for å unngå klyving over marka – fyrst vestøve, så 90 grader nordøve. Det var småsnø og vatn i bakkjen så det blei ein blaut affære og byksa opp bakkane, men ein bjøllesau som hadde vøre ute og blauta seg til i heile natt viste at nokon hadde det meir strabasiøst ^^
Etter 15 minutt lett galopp var eg på toppen der ein steinruin var plassert. Om dette var frå krigen blir berre spekulasjonar, men det var ikkje utsikten! Sola byrja så smått og helsa på Rogalendingane der den vippa opp over Lysefjordmassivet i sør. Ellers var heile bybassenget (bl.a inkludert Hellesøy) synleg, Finnøy og Ombo i aust og ut over havet mot Kvitsøy i Vest.
Det var dog ikkje nokon temperatur til og slå seg til ro på toppen så eg byksa ned at same vegen ganske kjapt. Då eg kom ned mot bilen var solen verkeleg oppe i søraust, mens månen framleis hang ’på post’ i nordvest. Mogleg den skulle avlegga rapport etter fullført nattevakt...
Så var det på med varmen i bilen, diverse julasongar på radioen og av-gårde-kåre attende til Stavanger der famelien etter kvart var klar for frukost. Veldig praktisk og stå opp 0810 og framleis rekka soloppgang FRÅ kommunetopp :D

Anders

Ps. Det er på tide og realisera planen med å laga Kommunetoppcd. Forslag til sangar takast imot med takk!



Tilbake til Rennesøy
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset