Fyrste gongen eg var her, var i lag med Ken-Willy. Eg huska ikkje når dette var, men vi gjekk i hvert fall opp frå ytterst i Eiksund, opp gjennom busk og kratt... Det var ein fin og varm sommardag. Seinare har eg vore her fleire gongar, både aleine og i lag med andre. Eg har gått opp frå Haddal, frå Løsetvatnet via Kongsvollen og heile ryggen frå Kvamen i Snipsøyrdalen, over Kongsvollen og til topps. Fin tur.