Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Bykle
Aust-Agder
2 av 3 på ei helg (DEL 2)
(Skrevet av Ole-J 16.11.2004)

Tur foretatt: Oktober 2004.

Planen var 3 fylkestoppar på ei helg.

1. Vassdalsegga 1658 moh - Rogaland (Suldal/Vinje)
2. Sæbyggjenuten 1507 moh - Aust-Agder (Bykle/Tokke)
3. Urdalsknuten 1434 moh - Vest-Agder (Sirdal/Valle)

Det skulle vise seg å vere litt vel tøft...

Laurdag 9. oktober 2004 - Vassdalsegga

Etter ein lang og hard dag med bestigning av Vassdalsegga, var det berre å pakke teltet og kjøre mot Hovden, og nedover Setesdalen til Berdalen for å etablere basecamp for bestigning av Sæbyggjenuten.

Etter omlag 20 minutt rask gange innover skogen i Berdalen frå parkeringa, fann eg ein brukbar teltplass og fekk opp teltet før det blei mørkt. Etter ein bedre middag frå resturanten til Real turmat var eg meir en klar for soveposen. Eg hadde håp om at det skulle være litt varmare denne natta, men det var stjerneklart, og det er gjerne litt kaldt i 800 meters høgde om natta på denne årstida. So det vart nok ei natt med dårlig søvn. Då eg stod på toppen av Vassdalsegga håpte eg på å nå ein sportsbutikk på Hovden, slik eg kunne få meg ein ny sovepose, men det blei for seint. Tross alt sov eg litt betre denne natta enn på Haukeli.

Søndag 10. oktober 2004 - Sæbyggjenuten

Eg begynte å gå i åtte tida. Bakken var frosen og det var rim over alt. Stien innover Berdalen går i furuskog heilt inn til Berdalsbu som ligg på 1000moh. Denne stien var forresten skikkelig blaut og gjørmete. Då eg kom fram til Berdalsbu såg eg ein kar som kom ut av hytta. Sikkert ein rypejeger tenkte eg. Litt lenger oppe i lia traff eg på han igjen. Faen, tenkte eg, skal eg gå å trakke i helane til ein fyr med gevær heile morgonen? Eg hadde no støkt eit par flokkar med ryper lengre nede utan at det smalt. Karen kom bort til meg, og eg såg at han var utan børse. Han kunne fortelje at han ikkje var ein slik jeger, men at han skulle opp på Sæbyggjenuten. Ein toppjeger med andre ord. Snakk om tilfeldigheit. Vi holdt fylgje heile vegen opp på toppen. Dette er også ein dryg tur. Det er langt å gå inn til toppen. Men det er ein fin tur i flott terreng. Og vi var maksimalt heldige med været!! So nydelig med sol, spegelblanke vatn, haustfargar og kvite fjelltoppar. Det er eit lett terreng å gå i, ingen dramatikk, berre eit par elvekryssingar på isdekte steinar var litt småskummelt. Min nye turkamerat var kjapp til beins og i god form. Han hadde sikkert hatt det litt meir komfortabelt på DNT-hytta Berdalsbu, enn eg hadde hatt det i teltet. I dei siste snødekte bakkane opp mot toppen, kjende eg veldig godt turen frå dagen før i beina. Det var tungt, og eg måtte til slutt gi opp å holde skikkelig følge. Men det var i hvert fall fint å kunne gå i fotspora hans. Rett under toppen såg vi fire reinsdyr. Det er eit utruleg flott syn å sjå slike dyr i sitt rette element!! På toppen av Sæbyggjenuten 1507moh – det høgaste punktet i Aust-Agder, var utsikta like fin som på Vassdalsegga. Her også kunne eg sjå Gaustadtoppen og Hallingskarvet. Vi hadde brukt omlag tre timar frå Berdalsbu. Nista smakte og livet var bra, ein og anna cumulus hang høgt der opp og skygga for sola av og til. Eg vart verande på toppen ei stund til, mens min turkamerat sette kursen heim. Til slutt begynte eg å gå eg også, eg tok meg god tid og berre kosa meg over det å vere ute i fjellet i slikt eit vær. Eg var ganske sliten då eg endelig kom ned til teltet i Berdalen. Og klokka blei sju om kvelden før eg endelig kunne vri om nøkkelen i bilen og sette kursen heim.

Urddalsknuten får stå der til ein annan gong. Fylkestoppjegeren eg møtte på veg til Sæbuyggjenuten hadde vore der før, og kunne fortelje at det er ein dryg dagsmarsj inn til den toppen også. Det beste er visst nok å overnatte på DNT-hytta og ta det over to dagar. Litt enklare er det nok å ta det som ein skitur. So eg får vurdere det til våren....

Bilder:

http://www.eurofoto.no/fotoalbum.php?aid=499752&portal_language=no_NO


Tilbake til Bykle
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset