Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Lindås
Hordaland
Havørn, rypekull og meire til^^
(Skrevet av Anders 05.11.2004)

Tur foretatt: September 2003.

Havørnen tvingar ungene sine til å sjå rett på solen.
Den slår den som nektar å gjera det,
og drep den ungen som gråt fyrst.
- Aristoteles, 300 f.Kr

Innsatskast (1-6): 4+

Vardekast (1-6): 4

Heljos tur blei utsatt frå laurdag til sundag då Arild Menzonie hadde lova betre ver på kviledagen. Siri var ikkje heilt einig, men eg valgte og stola på statskanalens utvalgte. Det var eit lurt val for jammen var ikkje Na Nelly (namn på sola i Rogaland) meir 'tilsnakkande' på vekas siste dag.Så etter eit halvtørr laurdagskveld på bydn for eg dagen etter, aleina, øve Knarvikbrua til Lindås' avsidesliggjandes strøk. Lindås var før turen eit tomt kapittel for min del, men denne turen har endra så til dei grader på den kunnskapsmangelen...Etter å ha brukt oversiktskarten for å finna fram til Rommarheimsdalen tok eg av til Dyrkollebotn. Her ligg ein kombinert leirskule/feriestova og var neste kjemisk fri for folk. Så var det på med joggekler og vatnflaska og berre leggja i veg. Klokko var 1435.Turen opp dalen til Instebotn smakte bra. Masse sauar, ingen folk, sol og vatn i ein herlig coctail. Heilt inne byrja oppstiginga, og det var fin merking frå DNT. Eit litt skummelt slangegrass skjulte ingen hoggormar og etter kvart entra eg Sørdalen. Her skulle merking fortsetta til Instebotnsknolten (bra nam!), men det var det skralt med. Allikavel var fjedlet lett å orientera seg etter og toppen som er den nest høgaste i Lindås Kommune, 920 moh, blei erobra ganske så greit. No såg eg bort til dagens mål - Sørdalsnuten, 957 moh, kommunetoppen i Lindås. Avstand var lengjer enn eg hadde trudde, og farten bort vart prega av meget kuppert terreng (opp og ned og opp, osv.). Men omsider kunne eg omfavna varden på Sørdalsnuten, gjennomvåt av svette og med eit smil rundt heile anlete! Hr. Menzonie blei og sendt nokre varme tankar. Deretter blei dei obligatoriske bileta tatt og utsikten i adle retinger blei sugd inn før eg måtte byrja og tenka på nedfarten.Eg fann ut beste valget vart eit mykje rettare strekk tilbake til Dyrkollebotn. Kompasskurs blei satt mot Eiterdalsfjedlet og av-gårde-Kåre igjen. Også her var det mykje opp og ned, men ei overrasking venta meg nede i eit dalsøk. Her låg ei Lirypemamma og passa på dei to ungane sine. Dei blei sjølvsagt skrem då ein bromlebamse kom løypande, men eg fekk lov og ta nokre fagre tett-opptil bilete før eg måtte komma meg av gårde. Mammo var ikkje heilt nøgd på slutten...Glad til mote for eg videre opp mot toppen. Plutseleg flagra 5 nye ryper opp 2 meter frå meg og eg kjente meg som i Paradis. Kunne det bli likare no?Jau, det kunne det pine meg, for oppe på siste toppen flagra eit veldig beist opp ved min ankomst. Ei havørnmor (som eg seinare fekk artsstadfesta av ein lokal fjedlkar) hatte slått seg ned ved toppen, også ho med sine to unger. ØRNØRNØRN - fyrste gong - HURRA! Havørna er vår største rovfugl (Vingespenn: 210 - 265 cm!) og mora flaug majestetisk ut øve dalen med sin kvite stjert. Havørnungene (brun stjert) seila og rundt i dalen og eg fekk bileter av heile gjengen! Fantastisk.Desse hendingene overgjekk moltemyrene og blåbær så store som plommer, så dei spaserar me lett forbi.Så var det å sjølv baksa ned dei 750 metrene til Dyrkollebotn. Litt bratt her, men nok opptråkka sti til at nedfarten ikkje vart prega av risikofaktor på grensa. Vel nede var klokka blitt 1830. 4 flotte timar i Lindås - massivet. Eg antar at ein gåtur den same distansen ville tatt 7 - 8 timar, men vil anbefala den for adle som er glade i vår fauna og dyr og fuglar ein ellers skjelden ser , ikkje kun for fjedlgeiter som meg! Eg hadde og spart ein liten godbit til tilbaketuren. Skjælsordet 'Dra til Salhus!' er vel kjent i Bergensområdet, mogleg spesielt på Stemnemyren under fotballkampar i lågare divisjonar. Som sagt så gjort, ein liten svipptur innom Bergen kommunes einaste verkelege bygd (?) avslørte dårlege vegar, ei kai, lite folk og eit trikotasjemuseum. Eg har ikkje peiling på kva eit trikotasjemuseum er, så det krevjar nok ein ny tur til Salhus for å visuelt avsløra kva som hendar her ;-)


Tilbake til Lindås
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset