Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Os
Hordaland
Heimkommunen - Svenningentrimmen!
(Skrevet av Anders 05.11.2004)

Tur foretatt: August 2003.

Innsatskast (1-6): 4

Vardekast (1-6): 5 (litt patriotisk, men dog)

Forrige helj blei det Sveningjen - trimmen sundag, 17. august.
***********************************************************************
Dette er ein obligatorisk tur for mitt vedkommande og er igongsatt av 'Vilmarkens Son' som me kallar han i Os - Jimmy Øvredal. Jimmyen er eit par og seksti år, har julenisseskjegg, rosa huva og har lagt sin elsk på alt som har med natur og gjera. I tillegg har han poetiske verk og radiokåseri på tapeten. Han lagar 2 gonger i året ein natursti med 12 postar med spørsmål frå naturen (til dømes: 'til kva for ein fugleart tilhøyrar dette egget?'). Ein må ha 10 rette for å få premie, men dei beste klarar sånn rundt 8-9 så det fortel litt om nivået på spørsmåla. Far min og meg for frå Os mot Samnager og tok av då me kom ned i Lønningdal. Her kjøyrar mann inn til Øvredalen kor det er grei, merka sti til toppen. (einaste problem er at det er merka med kvitt i staden for raudt...). Spørsmåla har alltid 3 alternativ og eg svarte heilt i skodda då spørsmåla og alterantiva som vanleg, var greske for meg. Det var nær 150 deltakare i år og me starta vel sånn midt på treet tidleg. Skogen blei forsert opp øve og på siste post, halvvegst til Svenningen satt primus motor og plystra som ein fugel. Me skulle gjetta kva fugel det var...
Etter nokre myrar og vatn der sola skein som aldri før bar det opp det forhaldsvis bratte partiet til toppen. Månge majones - elskande sofaslitare blei passert her, og me nådde toppen på litt øve 2 timar med kjapt - kosetempo (om det er ein kategori...). Her fekk me våre stempel, spiste god matpakke og preika med slektningar på toppen. Sola forsann sjølvsagt akkurat når me fekk satt oss ned her oppe, så me blei ikkje meir enn 20 min på Os sin fagre Kommunetopp - 843 moh. Ned blei det godt tempo, litt meir blåbærspising og årelating når det vart naudsynt. Det er gode moglegheitar å halda godt tempo nedøve for den som vil. Endeleg nede fekk me pins (eg har gått 6 gonger = Svenningjenstjerna) og sjekka antall rette på naturstien. Eg fekk 7 av 12 og vart svært nøgd med det. La oss berre seia at far min ikkje var like nøgd... Så bar det heim til sundagsmiddag med utsikt øve Bjørnefjorden og Folgefonna - Herlig!
Tilrår denne Svenningentrimmen for folk som har lyst på ein litt spesiell oppleving. Den går i mai og august og blir informert om i lokalavisa og på folkemunne. Spør evt om meir info. Det er ingen kjensle av å gå i kø og osinger er faktisk svært hygjelege, tross Frp - stempelet i kulissene... Eit alternativ er å setta bilen øvst i Lønningdal og gå til Sveningjen via Midseterfjedlet og Renafjedlet (715 moh) og ned til Øvredalen og gå ned til Lønningdal igjen. Dette er ein god 7 timarstur, men gjer ein fantastisk utsikt i beggje retninger. Og for den ekstremt aktive kan eg seia at Jan Fjærestad (friidrett- og orienteringsikon gjennom månge år) løp denne distansen denne sundagen, han brukte nok ikkje 7 timar ;-)


Tilbake til Os


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset