Gjekk frå Snøheim, og var oppe på Vestre Langvastind, før turen gjekk i retning Storstygge - Svånåtind. Halv meter nysnø frå dagen før, oppe på platået, noko som gjorde det til ein strevsom tur mot toppen. På returen gjekk vi litt vestover, før vi gjekk bratt ned ura, og austover mot Maribu. Her fekk vi skyss tilbake til Snøheim.