Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Suldal
Rogaland
Årets siste skitur, 20.juni!
(Skrevet av Håkon L 20.06.2015)

Tur foretatt: Juni 2015.

Såg på værmeldingane at min einaste frilaurdag i sommar var det medlt strålande sol på Haukelifjell. Eg reiste difor tidleg frå Åmdals Verk i retning Haukelifjell.
Eg parkera litt før Haukeliseter, når eg kom frå Haukeli. Kjørte her inn på ein grusveg med ein del parkeringsplassar og ein del bobilar. Her er det også nokon antenner. Spente så på meg skia og gjek innover mot Vassdalsegga. Runda først rundt Kistenuten massivet og inn Lisledalen. Her passera eg eit lite vatn på høgre siden og tok så opp her, følgte ryggen til toppene herfra. Ein del lure toppar på veg mot toppen.
Tok bilde eg nøyt dagen på toppen. Mykje sno att her den 20. juni! Tok same vegen ned att, var vel ute i ca 6 timar, men kunne gått mykje fortare om eg hadde villa, men kvifor stresse på ein slik dag?


Tilbake til Suldal
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset