Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Jevnaker
Oppland
Tur til Nordmarkas høgaste!
(Skrevet av Håkon L 30.05.2015)

Tur foretatt: Mai 2015.

Kom frå Lillehammer og tok av rett etter Esso stasjonen inn på Svenåvegen. Kjørte eit lite stykke til eg kom til info om bomavgift, sendte meldingbher og fekk betala før eg kjørte innover. Litt oppi bakkane møtte eg ein del syklistar, og ein stod i grøfta, medan ein ana stoppa trafikken. Det visa seg at han som stoppa trafikken var onkel!!!! Kva er sjansen for å møte han og vennegjengen midt uti skogen på Jevnaker, ein artig opplevelse. Karen i grøfta hadde forøvrig bare punktera og ikkje ødelagt seg, heldigvis. Kjørte så vidare til eg kom til ei seter med nokon sauar, tok her til venstre og gjennom åpen bom, tok sjansen på at den holdt seg åpen til eg var tilbake. Kjørte så eit lite stykke og tok til venstre igjen, der det stod skilt Ølja rundt og Svarttjernshøgda. Kom så til dere stien starta, der stod det skilt opp mot Svarttjernshøgda på venstre side, kjørte litt forbi og parkera med ei lita hytte med bålplass og vatn. Gjekk så dei 1,8 km opp til toppen. Tårn og bok på toppen, og ca 45 min opp og ned med fotografering og innskriving i toppmantalet.

Tilbake til Jevnaker
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset