Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Himmelkampen, sørøst for
1060 m
Åmot
Hedmark
Hedmarks triangelet!
(Skrevet av Håkon L 25.04.2014)

Tur foretatt: April 2014.

Som så mange andre før meg såg eg mitt snitt til å raske med meg tre kommunetoppar på ein tur. Når sola nok ein dag steig opp, var det bare å pakke sekken å komme seg i veg.
Eg reiste fra Lillehammer og kjørte mot Sjusjøen, på Mesnalitok eg av vegen rett under brua i svingen og kjørte innover, først på litt asfalt og seinare grusveg. Kom så til bom, der betala eg 80 kr. (dei tar kort) og kjørte mot Kvarstad og seinare Øyungen der eg starta turen. Var ein lang kjøretur inn til Øyungen. Eg starta fra ei stor parkering, spende på meg skia og gjekk i retning Kroksjøhøgda. Her fant eg først ein staur som eg trudde var toppen, men nærmare Himmelkampen visa deg seg å være høgare og at det var den rette stauren med steinane. Steinane var nedsnøa, men etter litt graving med staven fann eg dei, GPS'n visa også rett høgde.

Etter Hamars høgaste gjekk eg vidare rett mot Himmelkampen, på vegen såg eg ein stor flokk reinsdyr komme byksande ned fjellsida, måtte være mellom 50-100 dyr. På veg opp feiltolka eg GPS'n litt og endte med å gå rundt fjellet og opp på toppen, litt surt, men sola stod fortsatt høgt på himmelen så det gjorde ikkje så mykje. PÅ toppen var eg bortom begge vardane og gjekk litt lengre fram der det høgaste punktet i Åmot kommune ligger. Tok meg og ein rast her før eg tok turen rett vidare til Tuva.

Turen fra Himmelkampen til Tuva gjekk fort og rett fram. Tok det obligatoriske toppbilde og sklei ned att mot bilen, gjekk forbi Øyungvannet på veg ned, med små koslelige hytter. Vel nede ved bilen var eg fornøgd med å være tre kommunetoppar rikare og med å ha fått litt farge i fjeset!!!


Tilbake til Åmot
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset