Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Sandfloeggi
1721 m
Odda
Hordaland
Vetle varde, kor er du henn?
(Skrevet av Anders 11.08.2006)

Tur foretatt: August 2006.

11.08 22:19
I dag var eg på Hardangerviddas høgste punkt, Sandfloeggi. Etter overnatting på Bråstøl, ein fin og rimelig turishytte ovanfor Røldal, køyrte eg inn til bommen innerst ved Valldalsvatnet. Eg la det opp som ein springetur i rolig tempo med sekk og etter tips for starten løpte eg heilt opp til Middalsbu og over bruo FØR turen gjekk oppøve Trossovdalen. Her var det varda sti med små steinhaugar heile vegen, og stien var fin å gå/løypa på. Øverst i dalen dro eg nordaustøve opp mot sjølve Sandflo - platået. Vardinga er her litt vanskelig å følge, men om været er ok er det ingen sak å halda ein grei kurs. Botnen var no gått øve i steinrøysar, det er ikkje like lett/godt å løypa på! Etter kvar kom eg opp i nokre brepartiar og kryssa dei før siste røys mot toppen. Toppvarden var no innsmurt i tåke, men eg fann denn ved god studering av kart. Tiden opp med stort sett løyping heile tida var 2t 50min. For ein rolig tur i gåtempo bør ein rekna minst 5 timar opp frå denne retninga. Eg skunda meg å ta nokre bilete i grauten.
Tåka var no blitt så tjukk at eg måtte gå på kompasskurs og sikte meg inn på vatn etter vatn nedøve. Det var ikkje noko særlig og siden vardinga er litt "heimelaga", er den ikkje god nok under slike høve. 200 høgdemeter lenger nede kom eg ut av tåkeheime og kunne finne samme rute ned igjen via Trossovdalen. Beina byrja no å bli sletne og bakkane ganske så lange. Men etter fyrst å ha ankommet Middalsbu igjen og så ned til bommen hadde det gått 5t 30min. Det er nok den lengste løypeturen eg har hatt så då får det vera at orienteringsløpet i morgon kjem til å bli ein trist sorti med desse gelebeina ^^


Tilbake til Odda
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset