Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Danserfjella
129 m
Råde
Østfold
I ulveskogen
(Skrevet av hansn 10.09.2012)

Tur foretatt: Mars 2012.

Nokre ting bør ein vel helst halda kjeft om om ein skal framstå med heider og verdighet. At eg brukte tre forsøk på å komma meg til topps på Danserfjella er vel ein slik ting..

Første gang innsåg eg allereie like etter at eg hadde parkert at dette blei i seinaste og ikkje minst mørkaste laget.

Andre forsøk starta med grov banning på same parkering då eg oppdaga at eg hadde pakka mykje rart i sekken men hverken kart eller GPS. Her er det jo ikkje akkurat snakk om ein topp som ragar i terrenget så hjelpemiddel var naudsynt. Valget falt på Gulse Sider på mobilen. Det tok meg greit opp på toppen, reint bortsett frå at eg ikkje fann den fine varden som eg meinte eg hadde lest om. Fann nokre "minivardar" men det var ein slukøyra toppsamlar som returnerte mot bilen i skumringa.

Tredje forsøk blei gjort saman med ungane. Og nok ein gang blei alle gode ting tre.

Utgangspunkt: Parkerte ved liten skogsveg sperra med kjetting ca ein kilometer sør for kommunegrensa mellom Våler og Råde. Kommunegrensa er tydeleg skilta. Plass til eit par bilar ved bommen. Dette er siste veg vestover før ein kjem ned til bebyggelse.

Vegbeskrivelse: Fulgte skogsvegen oppover til hogstfelt og nord/vest over dette. Vidare nordover og så rett vest i eit søkk til omlag rett sør for den toppen som på både Gule Sider og Statskarts Norgeskart. Så opp bratt skråning til relativt flatt platå. Her surra eg rundt på det tidligare nevnte første forsøket utan å finna varden (som altså ikkje er der). Vidare nord (og litt vest) opp til ca kommunegrensa mot Våler. Her var det først nokre meter vått vått vått og deretter nokre meter bratt bratt bratt. På toppen flott varde og aldri så lite toppfølelse.

Ein flott tur blei det. Ganske så glatt på isen innover, vi fekk til og med isdansa litt eit par plasser. At vi såg spor etter ulv var vel verdt turen aleine. Kanskje var det bare ein stor hund som hadde traska avgårde heilt på eigenhand, men det kan ha vore ein ulv også. Vi valgte det siste alternativet.

I bilen heim spurte 8-åringen om dette eigentleg var eit fjell. 5-åringen svarte at det var det nok ikkje. For det var ulv der. Og ulven er bare i skogen, ikkje på fjellet.

Danserfjella har nok ikkje så mykje med fjell å gjera i min begrepsbruk. Men rett så fin skogstur var det. Ta turen før dei enorme vindmastene kanskje skal opp der. Blir liksom ikkje heilt det same då...


Tilbake til Råde












 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset